Konsertskjorter

Eg samlar på t-skjorter. Nærare bestemt Metallica-skjorter. Heilt spesifikt skal det stå namnet på by og dato der eg har vore på konsert på skjorta. Det betyr ikkje at eg <a href="https://blogg.vm.ntnu.no/sansogsamling/2011/03/07/konsertskjorter/#more-'" class="more-link">more »</a>

Backstagepass

Eg samlar på t-skjorter. Nærare bestemt Metallica-skjorter. Heilt spesifikt skal det stå namnet på by og dato der eg har vore på konsert på skjorta. Det betyr ikkje at eg kjøper ei ny t-skjorte kvar gong eg har vore på Metallica-konsert. Dersom heile turneen står på ryggen, slepp eg unna med å kjøpe berre ei skjorte som gjeld for alle – sjølv om eg ofte går på langt meir enn ein konsert per  turné. For nokre spesialkonsertar blir det laga eigne t-skjorter. Dei må eg ha. Dei er jo heller ikkje med på skjortene med turnélister.

Mellom høgdepunkta i samlinga mi er skjorter frå intimkonsertane på The Fillmore Theatre i San Fransisco. Då vart bassist Rob Trujillo presentert for inviterte fans. Etter nokre år med lav aktivitet og stor utryggleik om bandets framtid var det ein stor dag for alle oss som var så heldige å få vere der. Eg synest også det er stas med Berlin/London-skjorta, der Metallica markerte plateslepp i 2008 – konsertane var berre opne for fans og det kosta knappe femti kroner for billetten. Men mest stas er det å sjå tilbake på alle dei stadene ein har vore, og hugse alle folka ein har møtt.

I 2011 feirar Metallica 30 år. Eg ser ikkje vekk frå at det blir fleire skjorter i samlinga i løpet av året …

Tove, Trondheim

Tags: