NTNU Vitenskapsmuseets blogger

Drømmedalen innan rekkevidde

By admin

F.v. Johan Berge, Johanne Enlid, Ingolf Folven og Sverre Guddal. Foto: Tove Eivindsen.
F.v. Johan Berge, Johanne Enlid, Ingolf Folven og Sverre Guddal. Foto: Tove Eivindsen.

Med blanke ark, fargestiftar og opne sinn skal framtida for norske landskapsvernområde teiknast.

Deltakarane stilte bokstavleg talt med blanke ark då DYLAN, storprosjektet om dynamiske landskap, invitererte til arbeidsseminar i Trondheim denne veka.

Eit dusin brukarar frå dei fire utplukka landskapsvernområda skal fortelje forskarane korleis dei ser føre seg landskapet framover. Metoden inneber mellom anna at brukarane skal teikne og forklare korleis dei ser føre seg sine landskap om tjue år.

Eigentlig einige
– Opplevinga for brukarane er at avgrensingane i landskapsvernområde er så store at det blir vanskelig å ha drift, fortel arkeolog og delprosjektleiar Terje Brattli frå NTNU Vitskapsmuseet.

– DYLAN-prosjektet som heilskap skal hjelpe forvaltninga til å lykkast med målsettinga om bærekraftig utvikling. Vi skal kople hensiktsmessig bruk med vern av ulike verdiar. Målsettinga til forvaltinga er i tråd med brukarane men eitt eller anna skjer som gjer at forvaltinga ikkje klarer å oppfylle sine gode intensjonar.

Brukarane trur på resultat
Fasilitator William Fagerheim frå Foresight Norgeutfordra brukarane til å teikne sin dal, slik dei drøymer om at den kan vere i 2030.
– Det er lett at forskarane styrer, så dette handlar om få å involvert brukarane inn i forskinga. Metodikken skal bidra til at vi kan vere kreative på vegner av kva landskapet kan brukast til. Då skal vi få lov til å tenke på alle moglegheiter for morgondagens landskap.

Og om brukarane har tru på at slike seminar gir resultat?
– Resultat har vi vel allereie, seier Johanna Enlid frå Budalen. – Det er jo eit resultat berre det at vi som er brukarar er med på å få uttale oss.

– Det er nytt at vi ikkje kjem etterpå og berre må godta, legg Johan Berge frå Erdalen til.
– No skal vi også ta med oss kunnskapen heim og bruke den lokalt opp mot forvaltinga.

Skal gi ny føringar
Eitt av måla for DYLAN-prosjektet er å tilrå nye retningsliner for landskapsvernområda. Håpet er å betre moglegheitene for god forvalting og bruk.

– Retningslinene som kjem må ha dynamikk og fleksibilitet i seg, seier Terje Brattli. – Det vil gjere dei robuste, langsiktige og naudsynt fleksible. Vi har med fire dalar, med kvar sine heilt klare problemstillingar, men vi må lage noko som også kan brukast i andre samanhengar.

– Dette er nytt fordi forvaltinga tidlegare har satt sterke rammer for kva ein skal gjere, legg prosjektleiar Gunnar Austrheim til. – Meldinga er ofte ”Ikkje hogg, ikkje bygg, ikkje anlegg veg” og så bortetter. Her vil vi sjå på kva ein kan gjere.

– Om regleverket blir tolka for strengt er det umulig å gjere noko, det vert ingen modernisering eller moglegheiter, slår Brattli fast – Då trekkjer brukarane seg ut og det gror att. Derfor viktig å få dei i tale, så vi kan føle oss fram til nokre balansepunkt.

– Folk skal jo leve av dette!

Deltakere på seminar 19. mai. Foto: kari Dahl.
Deltakere på seminar 19. mai. Foto: kari Dahl.