NTNU Vitenskapsmuseets blogger

Eldgammalt samisk kulturlandskap gjenoppdaga i Dividalen

By Per Sjøgren

 Dividalen barkespor med Andreas

Under studiet av biodiversiteten i og utafor Øvre Dividalen skulle også det gamle trevirket i området daterast. Dendrokronolog (‘årringforskar’) Andreas Kirchhefer hadde allereie utvikla ein årringserie for området der ulik årringbreidde reflekterer årleg klimavariasjon vel 2000 år attende i tida. Under dette argbeidet blei han og prosjektleiar Arve Elvebakk merksame på mange rare borkspor på dei gamle furuene. Ein spekulerte mykje på kva dette kunne vere og fann ikkje svar før ein studerte den svenske litteraturen. Det er faktisk spor etter ein omfattande samisk tradisjon med barkskaving av furu. Bork blei skava av på eine sida av treet om våren, rista i jordgroper og det då velsmakande mjølet blei tilsett ulike matrettar. Fem ulike reidskaper har vore brukt, og ein eldgammal språkleg tradisjon er knytta til haustinga. I Sverige er merke datert attende til 1100-talet, men eit enkeltmerke sensasjonelt mykje eldre enn dette. I Dividalen er det masse slike borkspor som vitnesbyrd om ein tradisjon dokumentert der frå tidleg 1600-tal til tidligt 1800-tal. Det alle trudde var uberørt urskog i sentrum av Øvre Dividalen nasjonalpark er istaden eit eldgammalt samisk kulturlandskap. Slike borkspor har no blitt oppdaga mange stader i Nord-Noreg. Vil du lese meir om denne tradisjonen, les artikkelen publisert i det norske botaniske tidsskriftet BLYTTIA eller kortversionen på forskning.no. Read about «Mystical marks in virgin forest explained» at ScienceNordic.